Ei kjensle
Eg foldar hendene mine godt rund meg. Eg fryser. Kald vind blir blåse mot andletet mitt. Eg ser ned på beina mine, eg går fort. Ein fot føre den andre. Eg nærast lauper. Det våte håret mitt blåsar bakover i ei bølgjande takt, og i harmoni med vinden. Tårene renn mot øyra mine, som to iskalde elver, utan kontroll. Ja utan kontroll. Alt er ute av kontroll.
Dei svartmarkerte auga mine ser framover, utan eigentleg å sjå på noko. Blikket er intenst. Uvissa tvingar meg framover. Eg vil snu og løype tilbake inn i varmen, men eg kan ikkje, klarar ikkje.
Fleire tårer stiller seg på rekkje, og bryt ut. Tankane inne i hovudet mitt flyr fram og tilbake. Samtalar, hendingar og minner spelast som korte klipp føre auga mine, om og om att. Eg blunkar fort for å få bort vind og tårer. Pulsen aukar meir og meir for kvart skritt eg tek. Eg ser opp på den mørke nattehimmelen, og skrik. Eg bryt saman, og den utslitne kroppen min fell tungt ned på det kalde, våte graset. Det er utsikt mot fleire tusen ljos. Eg kryp eit stykke bort, og ser nedover den bratte fjellveggen.
Eg pustar saktare no. Djupe åndedrag. Tårene triller elegant ned, som perlar på ei snor. Eg orkar ikkje meir. Eg senkar skuldrene, og prøver å forstå. Det går ikkje. Eg klarar verken å akseptere eller forstå.
Eg sit på kanten av klippen, med beina i kors framføre meg. Med skjelvande hender tek eg ut det slitte brevet frå jakkelomma. Pulsen aukar igjen, medan eg les brevet for siste gongen. Den siste delen av brevet les eg høgt: ”Sanninga er vanskeleg å forstå, men eg veit kva eg må gjere. Eg må gje slepp. Du vil nok ikkje forstå. Eg skal bli fri. Eg må gjere slutt på liding. Kjærleiken min til deg er evig min kjære! Du må gje slepp…”
Han har rett. Eg forstår ikkje. Eg orkar ikkje meir, eg må gje slepp. Eg strekkjer handa ut, og ser på brevet som flyr fram og tilbake, og følgjer vinden nedover fjellsida. Det er borte. Eg trekkjer pusten djupt, og hoppar etter.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar